NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Steinåa, Bjørelva, Litlflåttådalselva og Flåttådalselva kraftverk i Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag. NVE avslår òg søknaden om løyve til å byggje 132 kV kraftleidning Tunnsjødal-Kjelmyrlonet og ny Brekkvasselv transformatorstasjon.

Det er Kjell Asgeir Trones og Ulvig-Kiær AS som har søkt om å byggje vasskraftverka, som ville gitt ein samla årleg produksjon på 66,1 GWh. NTE Nett AS har søkt om løyve til å byggje nettanlegga for å leggje til rette for ny småkraft i Namdalen.

 

Dei positive verknadane mindre enn kostnadane

Søknadane er handsama samla. Etter ei heilskapleg vurdering av kraftverka og nettanlegga meiner NVE at dei positive verknadane for samfunnet i form av ny produksjon er mindre enn kostnadane.

Søknaden om løyve til å byggje Flåttådalselva kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for namsblank i nasjonalt laksevassdrag. Søknaden om å få byggje Bjørelva kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for reindrift i dels urørt terreng.

NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Steinåa kraftverk, Litlflåttådalselva kraftverk og tilhøyrande nettanlegg fordi dei samla kostnadane er så store at ei utbygging ikkje er samfunnsøkonomisk forsvarleg.

 

 

Les meir om kvart enkelt avslag:

132 kV Tunnsjødal–Kjelmyrlonet og Brekkvasselv transformatorstasjon

Steinåa kraftverk

Bjørelva kraftverk

Litlflåttådalselva kraftverk

Flåttådalselva kraftverk