Publisert 23.08.2018 , sist oppdatert 24.08.2018

Avslag til Bælinga kraftverk

NVE gjev ikkje Gauldal Energi AS løyve til å bygge Bælinga kraftverk i Holtålen kommune i Trøndelag. Kraftverket ville produsert om lag 8 GWh årleg som svarer til straumbruken til om lag 400 husstandar.

Bælinga kraftverk var planlagd i Bælinga som er ei sideelv til Holda i det verna Gaulavassdraget. Utbygginga ville ført vatn frå ei nasjonalt viktig bekkekløft med raudlista arter i eit kontrastfylt landskap. NVE meiner at ulempene knytt til naturmangfald og landskap ikkje kan avbøtast i rimeleg grad.

Fordelane i form av energiproduksjon på omtrent 8 GWh veg etter vårt syn ikkje opp for dei store ulempene knytt til utbygginga.

 

Kontaktpersonar

Øystein Grundt, seksjonssjef
tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Erik Roland, seniorrådgjevar
tlf. 22 95 90 24/913 97 771