Ny rettleiar for flaumutrekningar
NVE har publisert ei revidert utgåve av rettleiar for flaumutrekningar. Tilrådingane i den nye utgåva er dei same som i tidlegare utgåve, men strukturen er endra og teksten er omarbeida for å betre oppfylle klarspråkprinsippa i NVE.
— Vi har valt å revidere rettleiaren for å gjere den meir anvendeleg for deg som utfører flaumutrekningar. Slik får vi endå betre utrekningar som bidrar til å forebygge skadar frå flaum, seier hydrolog Seija Stenius.
Formålet med rettleiaren er å gi tilrådingar til korleis du bør utføre ei flaumutrekning. Flaumutrekningar er grunnlaget for å dimensjonere infrastruktur som for eksempel dammar, bruer og kulvertar, og for å utarbeide flaumsonekart. Det er difor viktig at flaumutrekningar er basert på anbefalt metodikk og det beste datagrunnlaget som er tilgjengeleg.
Rettleiaren er bygd opp ut ifrå vår tilrådde framgangsmåte til ei flaumutrekning. Dei fleste kapitla tilsvararar eit steg i flaumutrekninga. Mykje av generell teori innan flaumhydrologi, og innhald frå andre rettleiarar er fjerna frå denne utgåva.
— Vi håper og trur at rettleiaren vil vere til god hjelp for dei som utfører flaumutrekningar anten dei er nyutdanna eller erfarne, avsluttar Seija Stenius.