Publisert 03.03.2026

NVE fastsett utgreiingsprogram for Nedre Driva kraftverk i Drivavassdraget

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for utvidinga av Driva-anlegget i Oppdal og Sunndal kommune. Dei sentrale problemstillingane handlar om  laksen i Driva, inngrep i Trollheimen og Innerdalen landskapsvernområde, og fraføring av vatn frå det verna Ålvundvassdraget. 

Reguleringsmagasinet Gjevilvatnet i Trollheimen i Oppdal kommune, Trøndelag. Foto: Knut Ove Hillestad/NVE

Driva Kraftverk DA har levert ei melding om utviding av Driva-anlegget i Sunndal og Oppdal kommune til NVE. NVE har sendt meldinga ut på offentleg høyring, og gjennomført folkemøte i begge kommunane. Med bakgrunn i meldinga, innkomne innspel og eigne vurderingar har NVE no fastsett utgreiingsprogrammet som skal liggje til grunn for ein eventuell framtidig konsesjonssøknad. 

Formålet med denne meldingsfasa er å sikre tidleg medverking frå interessentar, og eit godt kunnskapsgrunnlag for kva område søkjer må utreda. Vidare no er det opp til søkjer å gjennomføre relevante utreiingar før ein eventuell konsesjonssøknad, seier Håkon Berg Sundet, fagleiar i NVE. 

Nedre Driva kraftverk vil gje betydeleg økt effekt og produksjon 

Prosjektet er ein utviding av dagens anlegg, med etablering av eit nytt Nedre Driva kraftverk bygd i fjell nord for Sunndalsøra, med utløp i Sunndalsfjorden. Tiltakshavar meiner eit nytt kraftverk med utløp til fjorden vil gje større moglegheit for å styre effekten i kraftverket, og levere straum når samfunnet treng det som mest.  

I meldinga beskriv Driva Kraftverk DA også planar om å pumpe vatn frå Driva elv ved Festa når prisane er lave, for å kunne lagre vatn i Gjevilvatnet til tørrare tider. Dei ønskjer også å utvide reguleringshøgda i Gjevilvatnet frå 15 til 20 m ved å senke lågaste regulerte vasstand (LRV) med 5 m. 

Nedre Driva kraftverk vil ha ein brutto produksjon på 986 GWh, og installert effekt på opptil 600 MW. Dagens Driva Kraftverk er planlagt med framleis drift, men redusert produksjon. Pumpeanlegget vil ha eit forbruk på 223 GWh. Netto auking i forhold til dagens anlegg blir med dette på 447 GWh, og totalen vert 1047 GWh nettoproduksjon. 

Konsekvensar for naturmangfald, landskap, verneområde og reindrift skal utgreiast nærmare 

Drivavassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag, og dei siste åra er det lagt ned eit stort arbeid i å nedkjempe lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Driva. Fraføring av vatn frå Driva, og endra utslepp av ferskvatn til Sunndalsfjorden, kan få konsekvensar for laksen. NVE meiner ein må utgreie konsekvensar og avbøtande tiltak for laksebestanden grundig, og vurdere dei opp mot verneordninga for nasjonale laksevassdrag.  

Ny vassveg frå Gjevilvatnet til Sunndalsfjorden vil resultere i betydelege steinmassar med behov for deponering. NVE ber Driva Kraftverk DA om å kartlegge moglegheiter for alternativ bruk av massane til andre samfunnsnyttige formål. Konsekvensar for verneverdiane i landskapsvernområda og det verna vassdraget Ålvundvassdraget skal også utgreiast grundig.  

Tiltaket vil også påverke Trollheimen reinbeitedistrikt. Difor meiner NVE ein må vurdere konsekvensane av endra reguleringshøgde og manøvrering av magasinet Gjevilvatnet grundig opp mot reinbeitedistriktets bruk av området. 

 NVE påpeiker at inngrep som er i strid med verneforskriftene for landskapsvernområda krev dispensasjon frå verneområdestyret. 

Kontaktperson

Håkon Berg Sundet, fagleiar  
E-post: hbsu@nve.no  
Tlf. 22 95 98 55  
 
Bendik Kjeverud Erdal, rådgjevar  
E-post: beke@nve.no  
Tlf. 22 95 98 80