Målet med det statlege kartleggingsprogrammer for fjellskred er å avklare behovet for å ta særleg omsyn til skredfaren frå store ustabile fjellparti ved arealplanlegging, i tillegg til å vurdere behovet for risikoreduserande tiltak.
Ti ustabile fjellpartier er identifisert som høgrisikoobjekt og har døgnkontinuerleg overvaking/varsling med tilhøyrande beredskap.
Kartlegging
NVE har ansvar for å kartlegge faren for fjellskred, og NGU utfører arbeidet på oppdrag frå NVE. Det vert utført ei systematisk oversiktskartlegging for å avdekke moglege ustabile fjellparti. Dette vert gjort mellom anna ved hjelp av InSAR, flybilde og feltkartlegging av geologi og sprekkesystem. Ei meir detaljert kartlegging vert utført for fjellparti som syner seg å ha ei potensiell fare for skred. For desse fjellpartia måler ein rørsle i fjellet og estimerer volum på det ustabile partiet, i tillegg til å kartlegge rekkevidde og konsekvensar av eit potensielt skred.
Fare- og risikoklassifisering av fjellparti der det er målt rørsle over tid, og der det er fare for busetnad, inngår som ein del av kartleggingsarbeidet:
- For fjellparti som vert klassifisert med høg risiko blir det gjennomført ytterlegare geologiske undersøkingar for å kunne vurdere behovet for risikoreduserande tiltak. Dette vil ofte vere i form av døgnkontinuerleg overvaking og varsling.
- For fjellparti med moderat risiko blir det gjennomført periodiske målingar av rørsle i fjellet, for å følgje med på korleis fjellet utviklar seg, og om faren aukar eller minkar.
- For fjellparti med låg risiko blir det ikkje gjennomført ytterlegare undersøkingar.
For ustabile fjellparti der er det fare for flodbølge blir det kartlagd oppskyllingsområder, basert på volumet av den ustabile fjellsida og høgde på flodbølga inn over land.