Eikeelva kraftverk

Registreringsnummer
6027
Saksnummer
201001302
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.02.2017
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFT AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Haram
Vassdragsområde
102.30
Søkt produksjon
4.50 GWh

Løyve til Eikeelva kraftverk i Haram

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å bygge Eikeelva kraftverk i Haram kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere omlag 4,5 GWh i eit medels år. Dette svarar dette til straumbruken til om lag 225 husstandar.

Eikeelva kraftverk vil nytte eit fall på om lag 309 m i Eikeelva mellom inntak på kotehøgde 345 og kraftstasjon på kotehøgde 36. Vassvegen på om lag 1600 m er planlagt nedgraven på heile strekninga.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Eikeelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for landskap og naturmangfald. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring og aktsemd i anleggsfasen. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Eikeelva kraftverk.