Revisjon av konsesjonsvilkår - Bleksvatn, Hinnøy

Registreringsnummer
5360
Saksnummer
200902513
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
NVEs innstilling til OED (positiv)
Tiltakshaver
ANDØY ENERGI AS
Fylke
Nordland
Kommune
Andøy
Vassdragsområde
178.74Z

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Andøy Energi AS nye konsesjonsvilkår for Bleksvatn reguleringsmagasin i Storelva ved Lorvik i Andøy kommune i Nordland fylke.

På bakgrunn av krav frå Andøy Jeger- og Fiskerforening har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Bleksvatn reguleringsmagasin.

NVE rår til at det blir gjeve nye oppdaterte konsesjonsvilkår for magasinet, og at det skal påleggast installasjon av automatisk omløpsventil i kraftverket av omsyn til fisk i vassdraget.

NVE tilrår ikkje slipp av minstevassføring i Storelva eller fiskepassasje forbi dammen ved Bleksvatn, da fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg.

 

Revisjonssaken er relatert til 178.74B Storelva på Hinnøy, Bleksvatn med RevID: 820 i NVE Rapport 49/2013