132 kV Kjønnagard - Myrkdalen

Tiltakshaver
VOSS ENERGI NETT AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201605237
Status
Konsesjon gitt
Dato
28.06.2018
Fylke
Hordaland
Kommune
Voss

NVE har gjeve Voss Energi Nett konsesjon og ekspropriasjonsløyve til å bygge ein ny 132 kV kraftleidning mellom Kjønnagard og Myrkdalen i Voss kommune i Hordaland fylke. Vedtaka er påklaga, og saka er sendt til Olje- og energidepartementet for klagehandsaming.

NVE har motteke seks klagar på vedtaka. Desse har vi vurdert, og kan ikkje sjå at klagane gjev ny informasjon som gjev grunnlag for å oppheve eller endre vedtaka. NVE har difor førebudd saka etter forvaltningslova, og sendt klagane vidare til Olje- og energidepartementet.

NVE ga 28. juni.2018 Voss Energi Nett løyve til å bygge og drive ein om lag 11,5 km lang kraftleidning, dimensjonert for nominell spenning 132 kV, mellom Kjønnagard transformatorstasjon og Myrkdalen koblingsstasjon. NVE meiner kraftleidningen er viktig for å legge til rette for ei sikker og tilstrekkeleg straumforsyning til Myrkdalen. Traseen følger eit kombinasjonsalternativ mellom alternative I og II ved Kjønnagard og 2B i Myrkdalen fram til koblingsstasjon. NVE har i konsesjonen sett vilkår om utforminga av leidningen og gjennomføringa av anleggsarbeidet, for å redusere verknadane til eit minimum.