Aurareguleringene - revisjon av konsesjonsvilkår

Registreringsnummer
4524
Saksnummer
200709470
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
NVEs innstilling til OED (positiv)
Tiltakshaver
STATKRAFT ENERGI AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Nesset
Vassdragsområde
104.Z

 

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft Energi AS nye konsesjonsvilkår for Aurareguleringane i Nesset, Sunndal og Lesja kommunar i fylka Møre og Romsdal og Oppland.  

 

 

På bakgrunn av krav frå kommunane har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Aurareguleringane som omfattar Eira/Aura, Litledalsvassdraget og Bøvra.

 

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir mulegheit til å pålegge avbøtande tiltak.

 

NVE tilrår ikkje slepp av minstevassføring i Aura eller magasinrestriksjonar i Aursjømagasinet og Osbumagasinet, da fordelane for fisk, vassmiljø og andre interesser ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og reguleringsevne mv. Vi rår til at det vert utarbeidd ein plan for fysiske tiltak på delar av elvestrekninga i Aura for å lette oppvandring av laks og sjøaure. Vidare tilrår vi gjennomføring av biotopforbetrande tiltak i gytebekkar omkring Aursjømagasinet som vil kunne bidra til å auke fiskeproduksjonen i dette magasinet. NVE tilrår ikkje etablering av ein villreinpassasje over Aursjømagasinet, da nyare kunnskap syner at det er stor risiko for at tiltaket vil mislykkast.