132 kV kraftledning Dalsbotnfjellet vindkraftverk - Frøyset transformatorstasjon

Tiltakshaver
Zephyr AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201502028
Status
Klage mottatt
Dato
04.06.2018
Fylke
Hordaland, Sogn og Fjordane
Kommune
Masfjorden, Gulen

NVE har gjeve Zephyr løyve til ein ny, om lag 19 km lang 132 kraftleidning frå Dalsbotnfjellet frå det planlagde Dalsbotnfjellet vindkraftverk i Gulen kommune i Sogn og Fjordane til Frøyset transformatorstasjon i Masfjorden kommune i Hordaland fylke.

Den nye kraftleidningen er naudsynt for å knyte Dalsbotnfjellet vindkraftverk til kraftnettet. NVE har gjeve løyve til å bygge leidningen etter trasé 1A. Samstundes bortfaller Zephyrs løyve til ein 4,4 km lang 132 kV kraftleidning frå Dalsbotnfjellet til Brosviksåta, og SAE Vinds løyve til ein 16 km lang leidning frå Brosviksåta til Frøyset. 

NVE meiner den traseen vi no har gjeve løyve til, er den som samla sett gjev minst negative verknader for friluftsliv, landskap og bustadområde. Vi har sett vilkår om miljø-, transport- og anleggsplan, som NVE skal godkjenne før anleggsarbeida kan starte.

NVE ga 30. september 2013 løyve til Dalsbotnfjellet vindkraftverk. Dette vedtaket er påklaga. NVE vil sende klagene på Dalsbotnfjellet vindkraftverk til Olje- og energidepartementet, saman med klager på kraftleidningen.

NVE har òg gjeve samtykke til ekspropriasjon av naudsynte rettar til å bygge og drive leidningen, om det ikkje viser seg mogeleg å inngå minnelege avtaler med grunneiegarar og rettshavarar. Her er informasjon om kva ekspropriasjon inneber.