Svoldal kraftverk

Registreringsnummer
8378
Saksnummer
201902062
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Søknad
Tiltakshaver
FATLAND KRAFT AS
Fylke
Hordaland
Kommune
Kvinnherad
Vassdragsområde
046.11
Søkt produksjon
5.60 GWh

NVE har motteke søknad frå Fatland Kraft AS, datert 4.8.2019, om løyve til å byggje Svoldal kraftverk i Kvinnherad kommune.

Svoldal kraftverk vil nytte eit fall på 445 m i Svoldalselva frå inntak på kote 450 til kraftstasjon på kote 5. Nedstebekken er planlagd overført til inntaket i Svoldalselva. Vassvegen på om lag 1350 m er planlagt som nedgraven røyrgate. For tilkomst til kraftstasjonen er det planlagt permanent veg på 75 m frå fylkesveg 500. Røyrtrasé frå kraftstasjonsområde til inntak vert nytta som mellombels tilkomstveg i anleggsfasen. Middelvassføringa utgjer 267 l/s, og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 550 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 1,98 MW og vil etter planane gje ein produksjon på 5,6 GWh årleg. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 1300 m lang elvestrekning i Svoldalselva. Det er planlagt slepp av minstevassføring frå inntaket på 10 l/s i sumarsesongen og ingen minstevassføring om vinteren.