Nedre Molla kraftverk

Registreringsnummer
7322
Saksnummer
201307845
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
09.04.2018
Tiltakshaver
Bekk og Strøm AS
Fylke
Rogaland
Kommune
Sauda
Vassdragsområde
037.111
Søkt produksjon
4,40 GWh

NVE har motteke søknadar frå to søkjarar om løyve til å bygge fire småkraftverk i Sauda kommune i Rogaland. Søknadene skal handsamast samtidig og samla belastning for regionen skal vurderast. NVE ber høyringspartane om å vurdere kvar søknad for seg, men òg alle søknadane samla.

Nedre Molla kraftverk er planlagd i Mollaelva som ligg om lag 8 km sør for tettstaden Sauda, på austsida av Saudafjorden. Kraftverket vil i gjennomsnitt produsere 4,6 GWh i eit middels vått år, og vil få ein installert effekt på 1,8 MW. Mollaelva vil overførast til Mollabekken med eit 200 meter langt røyr. Inntaket er planlagd på kote 145 i Mollabekken, og det vert ei 500 meter lang nedgrave røyrgate. Det er planlagd mellombels anleggsveg langs røyrgata, elles vert eksisterande vegar utbetra og nytta i arbeidet. Det vil òg bli bygd om lag 100 meter ny veg fram til kraftstasjonstomta. Kraftverket vil verte plassert attmed fjorden på kote 2. Det er planlagd å sleppe ei minstevassføring på 38 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 23 l/s resten av året. Minstevassføringa vil fordelast mellom Mollaelva, som vil få mesteparten, og Mollabekken, kor det vil sleppast 7 l/s heile året.