Nye Oterholtfoss kraftverk

Registreringsnummer
7153
Saksnummer
201301317
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Status
NVEs innstilling til OED (negativ)
Tiltakshaver
MIDT-TELEMARK ENERGI AS
Fylke
Telemark
Kommune
Vassdragsområde
016.CZ
Søkt produksjon
42,10 GWh

 

NVE rår Olje- og energidepartementet til å ikkje gje løyve til Midt-Telemark AS sin søknad om å byggje Nye Oterholtfoss kraftverk i Bø kommune i Telemark.

 

Nye Oterholtfoss kraftverk er planlagt som eit elvekraftverk og vil utnytte fallet frå toppen av Oterholtfossen. Det er søkt om to alternativ, men NVE rår ikkje løyve for nokon av dei. NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper og meiner at dei negative effektane for fisk, elvemusling, friluftsliv, landskap og kulturmiljø samla er store vurdert opp mot planlagt produsert kraft. NVE har lagt særleg vekt på at redusert vassføring vil være negativt for gyte- og oppvekstområde for laks og aure, og for elvemuslingbestanden. Det er vurdert som sannsynleg at storaure frå Norsjø nyttar planlagt utbygd strekning som gyte- og oppvekstområde. NVE har også vektlagt verdien av Bøelva og Oterholtfossen for kultur- og landskapsopplevingar, rekreasjon og ulike friluftslivaktivitetar. Oterholtfossen er eit verdifult landskapselement, og er etter NVEs oppfatning viktig for opplevinga av Kvennøya.

Minstevassføring vil i nokon grad kunne avbøte dei negative effektane, men vil etter NVEs syn ikkje i tilstrekkeleg grad veie opp for dette. Ein stor del av planlagt kraftproduksjon vil være vinterkraft, men den totale kraftproduksjonen er på et lite-middels nivå i nasjonal samanheng. Totalt sett er NVEs oppfatning at ulempene ved prosjektet, i begge utbyggingsalternativa, er større enn fordelen ved krafta Nye Oterholtfoss kraftverk vil produsere og anbefal derfor ikkje at det gis konsesjon. 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Nye Oterholtfoss kraftverk.