Røvassåga kraftverk

Registreringsnummer
6646
Saksnummer
201201444
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
03.07.2015
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Nordland
Kommune
Rana
Vassdragsområde
156.CAC
Søkt produksjon
15.60 GWh

NVE har handsama åtte søknader om bygging av småkraftverk i Rana kommune i Nordland. NVE gjev løyve til fem av kraftverka og avslag til tre.

 

NVE har gjeve løyve til å bygge Blakkåga, Bordvedåga, Nedre Leiråga, Røvassåga og Sølvbekken kraftverk i Rana kommune. Samstundes har NVE avslått søknadene om bygging av Gubbeltåga, Leirdalselva og Rausandaksla kraftverk. For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve.

Dei fem kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 73 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til omlag 3650 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 39 GWh/år.

NVE har handsama seks av søknadane saman i ein pakke; Ranapakken. Dette for å gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar dersom alle kraftverka vert bygd. Verdfullt naturmangfold, landskap, reindrift, mineralressursar og samla belastning i området har vore sentrale tema i NVE si vurdering av disse sakene. Det er lagt vekt på å få fram prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon.

NVE avgjer samstundes søknadene om å bygge Sølvbekken og Gubbeltåga kraftverk som har vore på høyring tidlegare. NVE legg vekt på at ei utbygging av Sølvbekken kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi. Tiltaket i Sølvbekken er inngrepsnært og vil nytte tidlegare inngrep for endra elveleie/utløp. NVE vurderer at fordelane ved ei utbygging av Sølvbekken kraftverk er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av kraftverket på fastsette vilkår. Samstundes avslår NVE søknaden om Gubbeltåga kraftverk. Tiltaket kjem i konflikt med reindrift og fjellrev i eit samanhengende urørt naturområde. NVE meiner såleis at dei negative verknadene ikkje står i forhold til auka kraftproduksjon.