Tysso kraftverk

Registreringsnummer
6345
Saksnummer
201102292
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
19.04.2016
Tiltakshaver
Tysso Kraftverk AS
Fylke
Hordaland
Kommune
Ulvik
Vassdragsområde
051.3A2
Søkt produksjon
26.50 GWh

NVE gjev ikkje løyve til å byggje Tysso kraftverk i Ulvik kommune i Hordaland. Hardanger Energi AS og BKK produksjon AS ville etter planane ruste opp og utvide det eksisterande kraftverket Ulvik 1 gjennom det planlagde Tysso kraftverk. Den planlagde utbygginga ville ha gitt om lag 26,5 GWh fornybar straum kvart år, der om lag 20 GWh ville ha vore ny produksjon.

Ei realisering av Tysso kraftverk vil etter NVE si meining ha negativ innverknad på ein bekkekløftlokalitet av regional til nasjonal verdi. Sjølve elvejuvet er ikkje tilgjengeleg for biologiske undersøkingar, og NVE har med bakgrunn i naturmangfoldlova § 9 (føre-var-prinsippet) lagt til grunn at tiltaket vil medføre store negative konsekvensar for naturtypen. I og med at bekkekløfta dekker mesteparten av fallet i prosjektet, har dette avgjerande utfall i konsesjonssaka. NVE har òg lagt noko vekt på landskap i si vurdering av konsesjonsspørsmålet.


Sjølv om ei realisering av Tysso kraftverk ville kunne ha bidratt til relativt mykje ny fornybar kraftproduksjon, meiner NVE at ulempene knytt til ei utviding av det eksisterande kraftverket i Tysso er for store til å kunne gje konsesjon til tiltaket.