Herresbekken kraftverk

Registreringsnummer
6278
Saksnummer
201100526
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.10.2017
Tiltakshaver
BEKK OG STRØM AS
Fylke
Vest-Agder
Kommune
Åseral
Vassdragsområde
022.EA10
Søkt produksjon
5.45 GWh

Løyve til tre og avslag til to små vasskraftverk i Åseral

NVE gjev løyve til Herresbekken, Hamkollåna og Skothomtjønn kraftverk, medan Bliksåna og Gjermundsbekken kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Åseral kommune i Vest-Agder.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 14 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 700 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 8,6 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Verknader på landskap og friluftsliv har vore dei viktigaste tema i NVE si vurdering. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst negative konsekvensar for allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til kvart av prosjekta som har fått løyve.