Kvitåi kraftverk

Registreringsnummer
6141
Saksnummer
201003769
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
18.09.2015
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Tinn
Vassdragsområde
016.H2Z
Søkt produksjon
6,61 GWh

Tre løyve og ei tilråding til småkraftverk i Tinn og Notodden

NVE har hatt 8 søknadar til handsaming om bygging av småkraftverk i kommunane Tinn og Notodden. NVE gjev løyve til tre av kraftverka og avslag til tre. For eitt kraftverk har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve. Ein søknad er ikkje avklart enno.

NVE har gjeve konsesjon til Husvollåe og Vesleåe kraftverk i Tinn kommune, og til Bergåa kraftverk i Notodden kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Ramsåe kraftverk i Tinn kommune. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av kraftverk i Kvitåi og Gjerdøla i Tinn kommune, og Haukedalsåa i Notodden kommune. Vedtak i Esperåa kraftverk vil kome på seinare tidspunkt grunna motsegn frå kommunen. Dei fire kraftverka som har fått løyve vil, etter dei vilkåra som er sett, produsere omlag 32 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 1600 husstandar.

Dei åtte søknadane har vorte handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng.  Verdfullt naturmangfald, landskap, brukarinteresser og samla belasting i området, har vore sentralt i NVEs vurdering.

NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.