Konsesjonssak - NVE

Tverrelva kraftverk

Registreringsnummer
5966
Saksnummer
200906445
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
16.01.2017
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Troms og Finnmark Romsa ja Finnmárku
Kommune
Bardu
Vassdragsområde
196.AB6Z
Søkt produksjon
20.80 GWh

NVE gjev løyve til Skoelva og Salvasskardelva kraftverk, medan Tverrelva, Skinskardelva og Liveltskardelva kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Bardu kommune i Troms. Ett av dei planlagde kraftverka ligg òg i det verna Salangsvassdraget

Dei to kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 38,1 GWh straum i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 1900 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gitt ytterlegare 36,4 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.


Verknad på verneverdiane har vore det viktigaste temaet i NVE si vurdering av Liveltskardelva kraftverk. Verneverdiane er mellom anna knytt til biologiske verdiar i eit referansevassdrag. For Tverrelva og Skinskardelva kraftverk har biologisk mangfald, landskap, urørtheit og reindrift vore dei viktigaste tema.
Det er gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner har dei lågast innverknadane på ålmenne interesser. Sjølv om planane om Skoelva kraftverk møtte ein del motstand i den offentlege høyringa meiner NVE at verknadane er akseptable gitt avbøtande tiltak.


For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil mindre tilpassingar heller ikkje kunne endre vår konklusjon i dei resterande sakene.

Kontaktpersonar:
Sakshandsamar Rune Moe, tlf. 22 95 93 15
Sakshandsamar Birgitte Kjelsberg, tlf. 22 95 90 32
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216