Nedre Skorilla kraftverk
- Registreringsnummer
- 5904
- Saksnummer
- 200905795,202302615
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 15.02.2013
- Tiltakshaver
- SVORKA SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Heim
- Vassdragsområde
- 119.41Z
- Søkt produksjon
- 5,60 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 15.05.2023
NVE gir Fjellkraft AS løyve til å byggje Øvre og Nedre Skorilla kraftverk. Prosjekta ligg i Vuttudalselva i Snillfjord kommune i Sør-Trøndelag. Samla vil elvekraftverka få ein årleg produksjon på om lag 12 GWh. Dette svarar til straumbruken til 600 husstandar.
Øvre Skorilla kraftverk vil nytte ei fallhøgd på 58 m mellom kote 113 og 55. Vassvegen vil gå i tunnel i øvste del og deretter nedgrave røyr ned til kraftstasjonen. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 6,2 GWh.
Nedre Skorilla kraftverk er planlagt med inntak på kote 51 og kraftstasjon på kote 2. Vatnet vert ført i nedsprengte/nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 5,6 GWh.
NVE har lagt vekt på at dei to kraftverka vil gi eit bidrag til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøverknader. Omsynet til kulturmiljøet langs elva, vasstilknytta fugl og samla belasting som følgje av utbyggingspress innafor dette området er vurdert. Med avbøtande tiltak som slepp av minstevassføring heile året frå begge inntaka og ei mest mogleg skånsam framføring av dei to vassvegane meiner vi at prosjekta kan verte gjennomført.
NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å byggje dei to kraftverka, og gjev difor løyve til Øvre og Nedre Skorilla kraftverk på fastsette vilkår.