Litlflåttådalselva kraftverk

Registreringsnummer
5558
Saksnummer
200804723
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
21.06.2018
Tiltakshaver
Ulvig Kiær AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Namsskogan
Vassdragsområde
139.E4A
Søkt produksjon
14.30 GWh

Avslag til fire små vasskraftverk og to nettanlegg i Namsskogan

NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Steinåa, Bjørelva, Litlflåttådalselva og Flåttådalselva kraftverk i Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag. NVE avslår òg søknaden om løyve til å byggje 132 kV kraftleidning Tunnsjødal-Kjelmyrlonet og ny Brekkvasselv transformatorstasjon. Det er Kjell Asgeir Trones og Ulvig-Kiær AS som har søkt om å byggje vasskraftverka, som ville gitt ein samla årleg produksjon på 66,1 GWh. NTE Nett AS har søkt om løyve til å byggje nettanlegga for å leggje til rette for ny småkraft i Namdalen. Dei positive verknadane mindre enn kostnadane Søknadane er handsama samla. Etter ei heilskapleg vurdering av kraftverka og nettanlegga meiner NVE at dei positive verknadane for samfunnet i form av ny produksjon er mindre enn kostnadane. Søknaden om løyve til å byggje Flåttådalselva kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for namsblank i nasjonalt laksevassdrag. Søknaden om å få byggje Bjørelva kraftverk er avslått på grunn av negative verknader for reindrift i dels urørt terreng. NVE avslår søknadane om løyve til å byggje Steinåa kraftverk, Litlflåttådalselva kraftverk og tilhøyrande nettanlegg fordi dei samla kostnadane er så store at ei utbygging ikkje er samfunnsøkonomisk forsvarleg.