Mela kraftverk

Registreringsnummer
5426
Saksnummer
200801350
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
21.12.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Snåase - Snåsa
Vassdragsområde
128.E3Z
Søkt produksjon
11.70 GWh

NVE gjev Småkraft AS løyve til å regulere Movatnet og byggje Mela kraftverk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag. Anlegget vil produsere om lag 11,5 GWh/år og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til om lag 575 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på om lag 260 meter, med inntak på kote 359 og kraftstasjon på kote 100. Movatnet vil regulerast mellom kote 359,50 og 360,49.

Naturverdiane som er knytta til prosjektområdet er av stor verd; storlom hekker i Movatnet, som er omsøkt regulert, og hønsehauk hekker ved den planlagte kraftstasjonen. NVE meiner at hekkeplassane til desse artene blir ivareteke ved at man unngår forstyrrande anleggsarbeid i hekkeperioden og at Movatnet ikkje regulerast i storlommens hekkeperiode. For å ivareta Mela som landskapselement og leveområde for andre vasstilknytta arter som fossekall og strandsnipe, meiner NVE at det skal sleppes minstevassføring heile året.

Med ei sesongmessig minstevassføring på 90 l/s i perioden 1.mai – 30. september og 60 l/s resten av året meiner NVE at skadeverknadene for landskap og miljø vil vere akseptable. NVE vurderar vidare reguleringa og utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til regulering av Movatnet og bygging av Mela kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersoner: Øystein Grundt (seksjonsjef) tlf: 22959389 / 90198216

                             Ellen F. Andersen (avdelingsingeniør) tlf: 22959371