Haugafossen kraftverk

Registreringsnummer
5188
Saksnummer
200706183
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
03.09.2012
Tiltakshaver
HARDANGER ENERGI AS
Fylke
Vestland
Kommune
Ullensvang
Vassdragsområde
047.2A0
Søkt produksjon
13,25 GWh

NVE gjev Hardanger Energi AS løyve til å bygge Haugafossen kraftverk i Jondal kommune. Kraftverket vil produsere om lag 14,75 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til rundt 665 husstandar.

Haugafossen kraftverk vil erstatta eksisterande Haugafossen kraftverk. Dagens kraftverk produserer om lag 1,5 GWh årleg. Nye Haugafossen kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 5,3 MW og vil utnytte ei fallhøgde på 41 m frå kote 52 til kote 11 i Jondalselvi. Kraftverket vil gje om lag 13,25 GWh ny fornybar energi årleg.

Dei negative konsekvensane av ei utbygging er hovudsakeleg knytt til fisk, biologisk mangfald langs elva og til landskap. NVE har sett vilkår til konsesjonen for å avbøte dei negative konsekvensane for smolt på strekninga over inntaket og for anadrom fisk nedanfor utlaupet til kraftstasjonen. Den raudlista arten kystfloke (VU) er funne langs elva. Arten er avhengig av å bli neddykka i løpet av vekstsesongen. Med omsøkte slukeevne meiner NVE at førekomsten kan bli noko redusert, men at det framleis vil vere overlaup over inntaket, slik at vekstvilkåra til ein viss grad vil oppretthaldast. Utbygginga vil redusere Haugafossen sin verdi som landskapselement, men vi meiner dette kan aksepterast fordi fossen ligger svært skjerma frå omgjevingane. Ved høge vassføringar vil det vere overlaup over inntaket, og elva vil framstå som stor.

NVE vurderer samla sett nytten av tiltaket som større enn ulempene for ålmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Haugafossen kraftverk på fastsette vilkår.