66 (132) kV Eidesfossen - Herand

Tiltakshaver
INDRE HORDALAND KRAFTNETT AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201602636
Status
Konsesjon gitt
Dato
04.02.2021
Fylke
Vestland
Kommune
Ullensvang

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav den 04.02.2021 Hardanger Energi Nett AS konsesjon og samtykke til ekspropriasjon for endra trasé for ny 66(132) kV jordkabel mellom Molve og Dyrselhaugen ved Jondal. Kabelen er ein del av den nye 66 (132) kV kraftleidninga mellom Eidesfossen transformatorstasjon og Herand. 

Store delar av kabelgrøfta for jordkabeltraseen mellom Molve og Dyrselhaugen er bygd og inngrepet har allereie skjedd. NVE meiner at ei omlegging av kabeltraseen til opphaveleg konsesjonsgitt traséalternativ (3-m-f) vil gje ytterelegare inngrep i området og ein lengre anleggsperiode med dei ulemper dette vil ha for grunneigarar/rettshavarar samt naboer til anlegget. Omlegging vil òg auke prosjektkostnadane og forsinke nettilkopling av Herand kraftverk ytterlegare. 

NVE gjer difor Hardanger Energi Nett konsesjon i medhald av energilova § 3-1 til å bygge og drive jordkabeltraseen som omsøkt i tilleggssøknad av 15.12.2020. NVE gjer òg samtykke til ekspropriasjon av bruksrett for framføring av kabelen.  

NVE gav den 05.03.2021 Hardanger Energi Nett samtykke til førehandstiltreding.  

Klagebehandling

NVE mottok den 05.03.2021 klage frå ein grunneigar på NVE sitt samtykke til førhandstiltreding av same dato. Den 12.03.2021 blei dette supplert med klage på NVE sitt konsesjonsvedtak og samtykke til ekspropriasjon av 04.02.2021. NVE sende klagane til Olje- og energidepartementet for endeleg handsaming den 01.05.2021.