Fornyet reguleringskonsesjon Svelgen I og II kraftverk
- Registreringsnummer
- 7629
- Saksnummer
- 201502307
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Fornyelse av konsesjon
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 13.12.2024
- Tiltakshaver
- SVELGEN KRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Bremanger
- Vassdragsområde
- 086.2Z
Svelgen Kraft AS får nye og meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for kraftverka i Svelgenvassdraget
Svelgen Kraft AS gis ved kgl.res. 13.12.2024 konsesjon til vidare drift av kraftverka Svelgen I og II i Bremanger kommune. Dei får fornya konsesjon med meir miljøvennlege konsesjonsvilkår, både for kraftverka og for regulering av magasina og overføringane som kraftverka nyttar.
Fleire konsesjonar blir til ein
Det finnast til saman fem reguleringskonsesjonar frå åra 1957 – 1967, som er gjeve for utnytting av Svelgenvassdraget i Vestland fylke. Konsesjonane har avgrensa varigheit, og Energidepartementet har gjeve mellombels løyve til vidareføring fram til nye vilkår er på plass. Departementet har nå gjeve varig konsesjon for vidare drift av kraftverka Svelgen I og II med tilhøyrande reguleringar og overføringar.
Bidreg med kraft om vinteren
Kraftverka saman med Straumane småkraftverk, bidreg med 265 GWh, der ein stor del er vinterproduksjon. Kraftverka nytter etablerte reguleringar og overføringar og vil gje inntekter til kommunen og staten frå skattar, avgifter og konsesjonskraft.
Departemenget pålegg ikkje fysiske endringar i reguleringsområdet eller minstevassføring på nokon av elvestrekningane. Det er vurdert at denne type tiltak vil være kostnadskrevjande og gje avgrensa miljøforbetringar. Samstundes vil innføring av moderne standardvilkår gje myndigheitene moglegheit å pålegge avbøtande tiltak ved behov. Det blir satt vilkår om betaling av sektoravgift for kulturminnevern i vassdrag for dei konsesjonane som er gjeve før 1960.