Landstrømanlegg til Yggdrasil (tidligere NOA / Krafla)
- Tiltakshaver
- AKER BP ASA
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202106086, 202307049, 202312730
- Status
- Konsesjon gitt
- Dato
- 29.09.2023
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Bergen, Fitjar, Tysnes, Samnanger, Bjørnafjorden, Austevoll, Øygarden
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) mottok den 18.08.2023 detaljplan for anlegg i sjø fra Multiconsult på vegne av Aker BP. Detaljplanen gjelder nettanleggene «Kraft fra land til Yggdrasil» (tidligere NOA og Krafla), i Samnanger og Fitjar kommuner, Vestland fylke. Detaljplanen ble sendt på høring 14.09.2023, med høringsfrist 13.10.2023. Planen er tilgjengelig til høyre på denne siden.
Anleggene og arbeidene som skal skje på land er omfattet av en egen detaljplan, som hadde høringsfrist 22.06.2023.
NVE sendte ei innstilling til Olje- og energidepartementet 22.11.2022 om tilknyting av petroleumsfelta NOA og Krafla med kraft frå land. I innstillinga vurderte NVE om nettanlegga Aker BP, LOTOS og Equinor har søkt om er den beste løysinga, dersom felta skal drivast med kraft frå land. Olje- og energidepartementet meddelte konsesjon til nettanlegga 31.03.2023.
Utbygging av nettet i samband med elektrifisering vil påverke ei rekke kommunar i Vestland fylke. Desse inkluderer Samnanger, Bjørnafjorden, Tysnes, Fitjar og Austevoll.
NVE legg til grunn Statnett si vurdering om at Samnanger transmisjonsnettstasjon er eit sterkt punkt i nettet, og at det er driftsmessig forsvarleg å knyte til auka forbruk her. Forbruket frå tiltaket inngår som venta forbruksauke i regionen, og inngår i datagrunnlaget i NVE sin rapport Langsiktig kraftmarkedsanalyse frå 2021.
I innstillinga tilrår NVE at det blir gjeve løyve til ein 360 meter lang 420 kV jordkabel frå Samnanger transmisjonsnettstasjon til nye Børdalen transformatorstasjon, ein 11 km lang 145 kV kraftleidning mellom Børdalen og Ospeviki i Samnanger kommune. I tillegg vil det være eit nytt kompenseringsanlegg på Årskog og ein 250 km lang sjøkabel frå landfallet i Ospeviki gjennom sjøområde i Samnanger, Fitjar, Bjørnafjorden, Tysnes og Austevoll kommunar og ut til felta NOA og Krafla. NVE tilrår òg at det blir gjeve løyve til ein ny transformatorstasjon i Børdalen, nytt kompenseringsanlegg på Årskog og ei utviding av Samnanger transmisjonsnettstasjon.
Anlegga NVE tilrår løyve til, vil betalast av utbyggjarane Aker BP, LOTOS og Equinor, og vil ikkje belastast nettkundar via nettleiga.
Får verknader for naturmangfald på land og i sjø
Dei elektriske anlegga vil gje negative verknader for naturtypar i form av skoghogst til trasérydding, fugleliv ved auka kollisjonsfare og for fiskeriverksemd under legginga av sjøkabelen. NVE tilrår difor at det blir sett vilkår om ei miljø-, transport- og anleggsplan som vert drøfta med dei påverka kommunane, fylke og grunneigarar. For å redusere verknadane frå anleggsarbeidet under bygginga, tilrår ein òg at det vert sett spesifikke vilkår knytt til fiskeri, marint naturmangfald, skogrydding og transport.
Innstillinga frå NVE vert send til OED, som avgjer saka endeleg.