Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Landstrømanlegg til NOA / Krafla

  1. Ikke fullført Under behandling
  2. Ikke fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Tiltakshaver
AKER BP ASA
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202106086
Status
Søknad
Dato
05.11.2021
Fylke
Vestland
Kommune
Bergen, Fitjar, Tysnes, Samnanger, Bjørnafjorden, Austevoll, Øygarden

Det vert søkt om ein 420 kV jordkabel frå Samnanger transformatorstasjon til ein ny
transformatorstasjon i Børdalen, og ein 132 kV luftleidning derifrå til eit landtak ved
Ospeviki eller Barmen i Samnanger kommune. Derifrå vil sjøkablane gå via eit
kompenseringsanlegg på Årskog i Fitjar kommune og ut til oljefelta. Kraftbehovet til
plattformene vil vere 40 MW i 2026, med ein opptrapping til 140 MW i 2029.



Aker BP og Equinor søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Konsekvensutgreiinga er
utarbeida i medhald av reglane i plan- og bygningslova kap. 14 med forskrifter, og
utgreiingsprogram fastsett av NVE (NVE-ref. 202106086-82).


Aker BP søkjer òg om ekspropriasjonsløyve (oreigningslova av 23.10.1959, § 2 punkt 19) for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsel/transport. Samstundes søkjer Aker BP om førehandstiltreding (oreigningslova § 25) som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde. Grunn- og rettshavarar som ekspropriasjonssøknaden angår, kan finne relevant informasjon om kva det inneber på www.nve.no/grunneierinfo.