Sagaelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 7520
- Saksnummer
- 201407141,202403330
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 01.04.2019
- Tiltakshaver
- KINN KOMMUNE
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kinn
- Vassdragsområde
- 085.61Z
- Søkt produksjon
- 9,10 GWh
NVE har motteke ein søknad frå Kinn kommune om å få forlenga byggjefristen for Sagaelva kraftverk med fem år, til 01.04.2029. Flora kommune fekk konsesjon til å byggja kraftverket den 01.04.2019. Som følgje av kommunesamanslåingar er det no Kinn kommune som står som eigar av prosjektet. Anleggsarbeidet vart ikkje påbegynt innan fem år, og vart difor søkd om forlenga byggefrist.
NVE forlengjer byggjefristen for Sagaelva kraftverk med inntil fem år, til 01.04.2029. Vedtaket er gjort i medhald av vassressurslova §§ 27 og 19 anna ledd, og dessutan vassdragsreguleringslova § 15. NVE kan ikkje sjå at det er nye eller endra tilhøve som tilseier at søknaden om forlengd byggjefrist for Sagaelva kraftverk bør avslåast.
For å ta omsyn til hubro, set NVE vilkår om at støyande anleggsarbeid eller sprenging ikkje blir utført i perioden 01.01-01.07 langs dei nedste 400 metrane av vassdraget. Tiltakshavar skal kontakte Statsforvaltaren i Vestland for å avklare korleis omsynet til hubro skal gjennomførast.
Dei andre vilkåra er dei same som i løyvet av 01.04.2019