Blomøy transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- BKK AS
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 201914128
- Status
- Konsesjon gitt
- Dato
- 25.03.2021
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Øygarden, Askøy
NVE har gjeve BKK Nett AS konsesjon for å byggje og drive Blomøy transformatorstasjon i Øygarden kommune i Vestland fylke. BKK Nett får løyve til å byggje eit ca. 530 m2 stort stasjonsbygg med to 132/22 kV 31,5 MVA transformatorar og eit innandørs koblingsanlegg.
NVE meiner at Blomøy transformatorstasjon er naudsynt for å dekke det auka straumforbruket og sikre forsyningstryggleiken i nordre del av Øygarden kommune. Fleire industrikundar har meldt inn eit aukande straumbehov, noko som gjer at dagens transformeringskapasitet ikkje er tilstrekkeleg. Etter NVE sin vurdering vil bygging av Blomøy transformatorstasjon føre til små ulemper for ålmenta og naturmangfaldet.