Øla kraftverk

Registreringsnummer
7156
Saksnummer
200802091
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
18.12.2013
Tiltakshaver
Knut Kirknes
Fylke
Innlandet
Kommune
Nord-Fron
Vassdragsområde
002.DG2Z
Søkt produksjon
4,50 GWh

NVE seier nei til søknaden frå Øla kraftverk SUS om løyve til bygging av Øla kraftverk i Nord-Fron kommune i Oppland. Avslaget er grunngjeve med dei negative konsekvensane prosjektet vil medføre for sjeldne artar i bekkekløft.

 

 

Øla kraftverk var planlagt i Nord-Fron kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 1,5 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 4,5 GWh.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, raudlisteartar i fleire kategoriar og ein omsynskrevande naturtype (bekkekløft) med A-verdi. Grunngjevinga for avslaget er at inngrepet vil gje betydelege negative konsekvensar for artane og naturtypen.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE har tidlegare avslått søknad om å bygge Øla kraftverk. Vi kan ikkje sjå at dei nye planane har teke tilrekkelig omsyn til dei verknadene som låg til grunn for vårt førre avslag. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Øla kraftverk.