Straume kraftverk

Registreringsnummer
7011
Saksnummer
201300169
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.01.2016
Tiltakshaver
SMÅKRAFT USPP 1 AS
Fylke
Agder
Kommune
Valle
Vassdragsområde
021.E3A
Søkt produksjon
11,64 GWh

Løyve til Straume kraftverk i Valle

 

NVE gjev Straume kraftverk AS løyve til å regulere Svartetjørn med 1 meter og byggje Straume kraftverk i Kvernåni i Valle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 11,7 GWh. Dette svarar til forbruket til om lag 580 husstandar.

NVE meiner regulering av Svartetjørn og utbygging av Straume kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Straume kraftverk vil samtidig kunne gje inntekter til søkar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskaping.

 

Tiltaket er planlagt i Kvernåni, med 1 m regulering i Svartetjørn mellom kote HRV kote 652 og LRV kote 651. Inntaksdammen er planlagt etablert om lag på kote 651 og kraftstasjon ved kote 254. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen vert nedgraven på heile strekninga og skal følje eksisterande veger på deler av traseen.

 

NVE har merka seg at tiltaket vil medføre nokre negative verknader for landskap og brukarinteressar, hovudsakelig som følgje av nedgraven røyrgate. NVE har lagt vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogleg. NVE har fastsette ei minstevassføring på 43 l/s heile året.

 

NVE vurderer at nytten av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til å regulere Svartetjørn med 1 m og til bygging av Straume kraftverk.