Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Øvre Kvemma kraftverk

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
6986
Saksnummer
201300050
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
17.02.2017
Tiltakshaver
LÆRDAL OG AURLAND GRØNNKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Lærdal
Vassdragsområde
073.C4Z
Søkt produksjon
24,30 GWh

 

 

NVE har mottatt søknadar frå fleire søkjarar om løyve etter vassressurslova til å byggje tre småkraftverk i Lærdal kommune. Småkraftverka vil samla gje ein årleg kraftproduksjon på om lag 63 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 3150 husstandar.

Øvre Kvemma kraftverk vil nytte vatn frå elvane Kvemma og Volldøla. Volldøla overførast til Kvemma. Kraftverket vil nytte eit fall på 347 m frå inntaka på 775 moh. til kraftstasjonen 428 moh. Det vil bli to bora tunnelar på høvesvis 920 og 1000 meter. I tillegg vert det nedgrave røyr med samla lengd 1350 m. Røyret planlagt nedgrave på austsida av Kvemma langs eksisterande veg fram til om lag kote 460 der rørgata skal krysse elva og liggja nedgrave på vestsida av elva ned til kraftstasjonen. Det er planlag ny permanent veg på ca. 1000 meter fram til tunnelpåhogg. Vegen vil delvis følgje eksisterande skogsveg. Middelvassføringa er 1,09 m3/s i Kvemma og 0,34 m3/s i Volldøla. Kraftverket er planlagd med ei maksimal slukeevne på 3,3 m3/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 9,4 MW, med ein estimert årsproduksjon på 24,3 GWh. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på ei 2,5 km lang elvestrekning i Kvemma og 1,4 km i Volldøla. Det er søkt om slepp av ei minstevassføring om sommaren (perioden 1.5 – 30.9) på 150 l/s i Kvemma og 50 l/s i Volldøla. Om vinteren (perioden 1.10 – 30.4.) er det søkt om å sleppe 25 l/s til Kvemma og 5 l/s til Volldøla. Det er òg søkt ei alternativ utbygging av Kvemma utan overføring av Volldøla. Den vil ha ein effekt på 7,6 MW og ein produksjon på om lag 18,7 GWh/år. Nedre delar av elvane Volldøla og Kvemma kan vere anadrome viss laksetrappa ved Sjurhaugfoss vert opna. Lærdalselva er eit nasjonalt laksevassdrag, og strekningane vil då inngå i det nasjonale laksevassdraget.