Breisete kraftverk
- Registreringsnummer
- 6139
- Saksnummer
- 201003723
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 22.04.2014
- Tiltakshaver
- Ukjent
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Ullensvang
- Vassdragsområde
- 047.2AB
- Søkt produksjon
- 8,88 GWh
NVE har handsama 13 kraftverksøknadar og ein søknad om overføring av vatn i Ullensvang, Jondal og Kvinnherad kommunar i Hordaland fylke. NVE gjev løyve til fem av kraftverka. Sju av kraftverka og overføringa får avslag. For eit av kraftverka har NVE tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve. NVE gjev òg Statnett SF løyve til å auke kapasiteten i Eidesfossen og Mauranger transformatorstasjonar.
NVE gjev løyve til kraftverka Øvre Alsåker i Ullensvang kommune, Vassendelva, Krossdalselvi og Brattabøelvi i Jondal kommune og Eikeelva i Kvinnherad kommune. NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til Tverrelva kraftverk i Kvinnherad kommune.
Øvre Alsåker kraftverk har samstundes fått løyve om nettilknyting, og det er gjeve tilråding om nettilknyting av Tverrelva kraftverk.
Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere om lag 78 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 3900 husstandar.
Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Grimeelvi, Sæverhagen, Tveddal og Breisete kraftverk i Jondal, samt Auno, Børsdalselva og Valedalen kraftverk i Kvinnherad. NVE har òg avslått søknaden om overføringa av Sitautevatn.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverka Verdfullt naturmangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø og samla belasting i området har vore sentralt i NVE si vurdering.
NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner gjev minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ein betydeleg ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett vilkår til dei enkelte prosjekta for å redusere de negative verknadane for allmenne interessene.
NVE har òg gjeve Statnett SF løyve til å auke transformatorkapasiteten i Eidesfossen transformatorstasjon og i Mauranger transformatorstasjon. Transformatorane vil vere omkoplbare for eventuell framtidig spenningsoppgradering av nettet i området. Tiltaka legg til rette for å ta inn noverande og konsesjonsgjeven kraftproduksjon, og vil sikra forsyningstryggleiken i området. Då endringane vil skje innanfor eksisterande energianlegg, meiner NVE at tiltaka vil ha små verknader for allmennheita og naturmangfaldet.
For nærare grunngjeving, sjå omtale av dei einskilde sakane på vår nettstad www.nve.no.
Les meir om Eidesfossen og Mauranger transformatorstasjonar
Les meir om Øvre Alsåker kraftverk
Les meir om Grimeelvi kraftverk
Les meir om Sæverhagen kraftverk
Les meir om Brattabøelvi kraftverk
Les meir om Krossdalselvi kraftverk
Les meir om Vassendelva kraftverk
Les meir om Breisete kraftverk
Les meir om Auno minikraftverk
Les meir om Tverrelva kraftverk
Les meir om Eikeelva kraftverk
Les meir om Børsdalselva kraftverk
Les meir om Overføring av Sitautevatn
Les meir om Valedalen kraftverk
Kontaktpersonar for kraftverka:
Sakshandsamar: Solveig Silset Berg, tlf. 22 95 93 25
Sakshandsamar: Birgitte M.W. Kjelsberg, tlf: 22 95 90 32
Sakshandsamar: Tor Carlsen, tlf: 22 95 93 93
Sakshandsamar: Auen Korbøl, tlf: 22 95 93 44
Seksjonssjef: Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216
Kontaktpersonar for transformatorstasjonane:
Sakshandsamar: Solveig Willgohs, tlf. 22 95 92 45
Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, tlf. 90 19 30 08