Tossevikelva kraftverk

Registreringsnummer
5833
Saksnummer
200904743,201833293-10
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
11.10.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Buskerud
Kommune
Ringerike
Vassdragsområde
012.G21
Søkt produksjon
7,30 GWh

 

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev Norsk Grønnkraft AS løyve til å bygge Tossevikelva kraftverk i Ringerike kommune i Buskerud. Anlegget vil produsere omlag 7 GWh/år og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 350 husstandar. 

 

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 311 m, med inntak på kote 486 og kraftstasjon på kote 175. Vassvegen skal gravast ned på heile strekninga på omlag 2,5 km.

Storaure frå Sperillen kan vandre opp til ein foss like ovanfor planlagd kraftstasjon. Det er også registrert ei bekkekløft med lokal verdi på strekninga. Det er ikkje registrert raudlisteartar som blir tiltaket får følgje for, og potensialet for funn er vurdert til lavt. Elles ber området preg av landbruksaktivitet, uttak av skog med tilhørande skogsbilvegnett og køyreskadar i terrenget. 

Tiltaket er etter NVEs syn lite konfliktfylt dersom det vert teke omsyn til storauren og det vert sleppt noko minstevassføring heile året. NVE har difor mellom anna sett vilkår om installering av forbisleppingsventil for å unngå brå endringar i vassføringa ved stopp i kraftverket. Det er også krav om at avløpet frå kraftverket skal munne ut rett ved vandringshinderet for storauren slik at ikkje strekninga som fisken kan nytte vert råka.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og gjev difor løyve til bygging av Tossevikelva kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

Konsesjonen for Tossevikelva kraftverk ble 11.04.2018 overført til Småkraft AS.