Sagelva kraftverk

Registreringsnummer
5552
Saksnummer
200804433
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
20.12.2012
Tiltakshaver
SAGELVA KRAFTVERK AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Stjørdal
Vassdragsområde
124.C30
Søkt produksjon
7,85 GWh

NVE gjev løyve til å bygge Reinåa kraftverk i Meråker kommune og Sagelva kraftverk i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Samstundes avslår NVE søknaden om å byggje Gudåa kraftverk i Meråker kommune. Vasskraftverka i Reinåa og Sagelva vil få ein samla årleg produksjon på om lag 21,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1100 husstandar.

Reinåa kraftverk (Meraker Kraft AS) i Meråker kommune vil få ein installert effekt på opptil 5,3 MW og vil produsere om lag 14 GWh årleg. Sagelva kraftverk (Fjellkraft AS) i Stjørdal kommune vil få ein installert effekt på opptil 2,8 MW og vil produsere om lag 7,8 GWh årleg.

Gudåa kraftverk (Meraker Kraft AS) i Meråker kommune ville produsert om lag 17,9 GWh årleg.

NVE har handsama dei tre søknadane saman for å kunne foreta ei heilskapleg vurdering av konsekvensar som først trer fram når sakane blir sett i samanheng. I vedtaka har vi lagt vekt på samla belastning på biologisk mangfald, landskap og INON i området. Konsekvensane for reindrift og brukarinteresser er òg tillagt noko vekt.

Vi meiner den samla belastninga på særskilt øvre del av Stjørdalsvassdraget er stor. Når det gjeld den samla belastninga på bekkekløfter i kommunane Stjørdal og Meråker, meiner NVE at utbygging av både Reinåa og Gudåa vil være i strid med naturmangfaldlova § 4. Av kløftene i Reinåa og Gudåa meiner vi at Gudåa fyller fleire funksjonar og er viktigast å ta vare på. Kløfta i Gudåa etter NVEs vurdering eit viktig og særprega landskapselement, og vi meiner fråføring av vatn vil ha stor negativ konsekvens. Bygging av Gudåa kraftverk vil i tillegg medføre tap av villmarksprega naturområde i nasjonalpark.

I vedtaka om løyve til Reinåa og Sagelva kraftverk har NVE lagt vekt på at utbyggingane vil bidra til ein fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar. NVE meiner dei negative konsekvensane ved bygging av Reinåa og Sagelva kraftverk i hovudsak er knytt til landskap, biologisk mangfald og samla belastning. Reinåa er eit viktig landskapselement i dalen og det finst ei lita bekkekløft langs elva. NVE meiner at ulempene ved bygging av Reinåa kraftverk kan avbøtast ved at kraftverket blir bygd med tunnel i øvre del, og at det sleppast tilstrekkelig minstevassføring hele året. NVE meiner at legging av røyr langs øvre del av Sagelva vil bli eit svært stort terrenginngrep. Elva har òg ei lita fossesprutsone. For Sagelva meiner NVE at ulempene kan avbøtast ved at inntaket plasserast ved nedre alternativ (alt. 2) og at det sleppast tilstrekkelig minstevassføring hele året.

Vi kan ikkje sjå at dei føreslåtte avbøtande tiltaka i tilstrekkelig grad og med stor nok sikkerheit vil ivareta verdiane som er knytt til Gudåa. Vi meiner difor at tiltaket er i strid med OED sine retningsliner. Sjølv om tiltaket vil gje positive verknader gjennom noko auka kraftproduksjon og lokal verdiskaping, meiner NVE at desse fordelane ikkje veger opp for dei nemnte ulempene.

Vedtaket vart påklaga av Naturvernforbundet i Nord-Trøndelag. OED har ikkje gitt medhald i klagen, og NVEs vedtak vert ståande.