Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Revisjon av vilkårene for regulering av Røssåga

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
4736
Saksnummer
200700445
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Revisjon av konsesjonsvilkår
Status
Revidert konsesjon
Vedtaksdato
17.06.2022
Tiltakshaver
STATKRAFT ENERGI AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hemnes
Vassdragsområde
155.Z

Dei tre kommunane Hemnes, Hattfjelldal og Grane, har gått saman om samla krav til miljøforbetrande tiltak i vatn og vassdrag som blir påverka av reguleringane i Røssågavassdraget. På grunnlag av desse krava, har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for desse reguleringane.

NVE har sendt ei tilråding til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dette gir moglegheit til å pålegge ulike miljøforbetrande tiltak, utanom vassføring og vasstand, i heile konsesjonstida.  

Miljøforbetrande tiltak for fisk og fugleliv

Reglar for mellom anna vassføring og vasstand i magasin, blir fastsett i revisjonssaka. Statkraft Energi AS er konsesjonær og har allereie lenge praktisert ei minstevassføring i Nedre Røssåga på 30 m3/s. Dei har òg praktisert reglar for drifta av Nedre Røssåga kraftverk, som gjer at vasstanden i elva ikkje endrar seg for raskt, av omsyn til laks og sjøaure. NVE meiner at denne praksisen har vært god, og viktig for å avgrense negative miljøverknader av kraftverksdrifta.  For å sikra at denne praksisen føljast vidare, rår NVE til at desse reglane blir tatt inn i manøvreringsreglementet. Det vert òg tilrådd  at det sleppast samanhengande høg vassføring over tre døgn i mai/juni av omsyn til smoltutvandringa. For Stormyrbassenget rår vi til at vasstanden skal haldast stabilt høg i hekkeperioden til fugl, som hekker i strandsona.

Fond for fisk, vilt og friluftsliv

Reguleringane, med tilhøyrande kraftverk, er viktige for kraftsystemet i regionen, og anbefalinga om nye restriksjonar er vurdert i lys av det. For Røssvatnet sin del, vil restriksjonar for manøvreringa gå ut over reguleringsmoglegheitene, som er viktige for forsyningssikkerheit i regionen. Derfor tilrår NVE ikkje krav til sommarvasstand eller andre magasinrestriksjonar i Røssvatn.

For eit reguleringsmagasin som Røssvatn er det vanskeleg å finne gode tiltak for å betre miljøforholda. Derfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 150 000 kr årleg til eit fond, som kan brukast til gode tiltak for fisk, vilt og friluftsliv i kommunane. 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby,
tlf. 22 95 90 88 eller 416 78 203

Seksjonssjef Carsten Jensen,
tlf. 22 95 92 90 eller 908 50 206