Publisert 10.02.2009 , sist oppdatert 06.09.2023

Austdalsbreen

Austdalsbreen 31. august 2023. Foto Hallgeir Elvehøy/NVE.

Austdalsbreen er ein nordaustleg utløpar av Jostedalsbreen. Breen har eit areal på 10.1 km² (2019) og ligg mellom 1200 og 1740 moh. Austdalsbreen kalvar i Austdalsvatnet som er regulert mellom 1150 og 1200 moh. Glasiologiske undersøkingar på Austdalsbreen vart sett i gang i 1986 i samband med regulering av Jostedøla der Austdalsvatnet er magasin. Målingane er konsesjonpålagd Statkraft Energi AS for Jostedal kraftverk.

Massebalanse
Massebalansemålingane har pågått sidan 1988. Midlare vinter- og sommarbalanse er 2,2 og -2,7 m vassekvivalentar. På ein normal vinter kjem det 4 - 5 meter snø på breen. Sidan år 2000 har det vore mange år der all vintersnøen har smelta vekk slik at likevektslina låg over toppen av breen. Du kan sjå massebalanseresultat og bildeserie frå Austdalsbreen. 

Frontposisjonendring
Austdalsbreen kalva naturlig i Austdalsvatnet før vatnet vart regulert, men den kalvande brefronten var liten. Sidan reguleringa i 1988 har brefronten trekt seg tilbake omlag 700 meter (2022). Kalving frå brefronten utgjer 5 - 10 % av sommarbalansen. 

Austdalsbreen 1. august 1988. Foto Hallgeir Elvehøy/NVE. 

Brerørsle
Nær brefronten er brehastigheita opp mot 50 m/år, men varierer ein del frå år til år pga. reguleringa av Austdalsvatnet. Når vasstanden er høg vert vasstrykket under breen nær brefronten relativt høgt, og det fører til at friksjonen vert relativt låg og dermed at gliderørsla vert relativt stor. Låg vasstand fører derimot til større friksjon og lågare gliderørsle. Brehastigheita minkar innover på breen frå omlag 30 meter pr. år  ein km frå brefronten til 6 meter pr. år omlag tre km frå brefronten.

Kor fort og i kva retning breen glir vert målt ved å posisjonere målestakar bora ned i isen fleire gongar. Posisjonering har vore gjort med GNSS sidan 2000. Før det vart det gjort med  tradisjonell landmåling. 

Litteratur

Rapportserien 'Glaciological investigations in Norway' (Glasiologiske undersøkelser i Norge)

Andreassen, L. M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, and R. V. Engeset, R. V. 2016. Reanalysis of long-term series of glaciological and geodetic mass balance for 10 Norwegian glaciers, The Cryosphere, 10, 535-552, doi:10.5194/tc-10-535-2016, 2016. (pdf)

Hooke, R. LeB, T.  Laumann and M. Kennett. 1989. Austdalsbreen, Norway: Expected reaction to a 40 m increase in water level in the lake into which the glacier calves. Cold Regions Science and Technology, 17, 14 s.

Laumann, T. and B. Wold. 1992. Reactions of a calving glacier to large changes in water level. Annals of Glaciology, 16, s 158-162.