Austdalsbreen 14. oktober 2015. Foto Emma Barfod.

Austdalsbreen er ein nordaustleg utløpar av Jostedalsbreen. Breen har eit areal på 10.6 km² og ligg mellom 1200 og 1747 moh. Austdalsbreen kalvar i Austdalsvatnet som er regulert mellom 1150 og 1200 moh. Glasiologiske undersøkingar på Austdalsbreen vart sett i gang i 1986 i samband med regulering av Jostedøla der Austdalsvatnet er magasin. Målingane er konsesjonpålagd Statkraft Energi AS for Jostedal kraftverk.

Massebalanse
Massebalansemålingane har pågått sidan 1988. Midlare vinter- og sommarbalanse er 2,2 og -2,4 m v.ekv. På ein normal vinter kjem det 4 - 5 meter snø på breen. Firngrensa og midlare likevektslinehøgde ligg om lag 1425 moh. Det tilsvarar at arealandelen over likevektslinehøgda (AAR) er 70 %.

Frontposisjonendring
Austdalsbreen kalva naturlig i Austdalsvatnet før vatnet vart regulert, men den kalvande brefronten var liten. Sidan reguleringa i 1988 har brefronten trekt seg tilbake over 500 m og arealet av breen har minka med over 0,62 km²(2017). Kalving frå den 930 m breie brefronten utgjer 5 - 10 % av sommarbalansen. 

Austdalsbreen 1. august 1988. Foto Hallgeir Elvehøy/NVE 

Brerørsle
Kor fort og i kva retning breen glir vert målt ved å posisjonere målestakar bora ned i isen fleire gongar. Målemetodene er enten GPS eller tradisjonell landmåling. Nær brefronten er hastigheita opp mot 50 m/år, men varierer ein del frå år til år pga. reguleringa av Austdalsvatnet. Når vasstanden er høg vert vasstrykket under breen (nær brefronten) relativt høgt, og det fører til at friksjonen vert relativt låg og dermed at gliderørsla vert relativt stor. Låg vasstand fører derimot til større friksjon og lågare gliderørsle.

Litteratur

Andreassen, L. M., H. Elvehøy, B. Kjøllmoen, and R. V. Engeset, R. V. 2016. Reanalysis of long-term series of glaciological and geodetic mass balance for 10 Norwegian glaciers, The Cryosphere, 10, 535-552, doi:10.5194/tc-10-535-2016, 2016. (pdf)

Hooke, R. LeB, Laumann, T.  and Kennett, M.,1989: Austdalsbreen, Norway: Expected reaction to a 40 m increase in water level in the lake into which the glacier calves. Cold Regions Science and Technology, 17, 14 s.

Laumann, T. and Wold, B., 1993: Reactions of a calving glacier to large changes in water level. Annals of Glaciology, 16, s 158-162.