Noregs vassdrags- og energidirektorat er nasjonalt ansvarleg institusjon for hydrologi i Noreg.

Foto: Elin Langsholt/NVE

Varsel frå varsom.no

Hydrologi vert definert som "det geofysiske faget som omhandlar vatnet på jorda, førekomsten, sirkulasjonen og fordelinga av dette, dei kjemiske og fysiske eigenskapane og reaksjonane med omgjevnadane, inkludert relasjonen til levande organismar".

Noreg har mykje vatn!

Gjennomsnittleg fell det kvart år vel 1400 mm nedbør over landet vårt. Litt over 200 mm fordampar, og resten, ca. 1200 mm, renn ut i havet. Denne vassmengda utgjer i volum nær 400 km3. Dersom det var mogleg å fordele dette vatnet likt på kvar nordmann, ville kvar av oss ha over 250 000 liter tilgjengeleg kvar dag. Det er 1000 gonger meir enn vi brukar i det daglege hushaldet.

Vatnet i Noreg er ujamt fordelt. På Ålfotbreen fell det normalt over 5000 mm, 5 meter nedbør årleg. I regnskuggen øvst i Gudbrandsdalen er årsnedbøren normalt under 300 mm. Vatnet er også ujamt fordelt over året.

Normalt kjem ca. en tredjedel av årsnedbøren som snø, og vårflaumar med smeltevatn er regelmessige i størstedelen av landet. Forsommaren er ei forholdsvis tørr årstid, medan haustregnet igjen gjev opphav til flaumar. I nyare tid var vårflaumen over Austlandet, "Vesleofsen" i 1995, den største sidan 1789. Vassføringa i Glomma kulminerte 5. juni med ca. 4000 m3/s ved Rånåsfoss.

Vårt klima og geologiske historie gjer at hydrologien i landet også vert prega av mange brear, i alt 2745 km2, og innsjøar, i alt 16000 km2. Brear og innsjøar fungerer som naturlege magasin som jamnar ut avrenninga mellom årstider og år.