Gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for fjellskred vert ustabile fjellparti i Noreg kartlagd og overvaka.

Det pågår detaljert kartlegging av ustabile fjellsider i Troms, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane samt deler av Telemark og Rogaland fylke.

Føremålet er å avklare behovet for å ta særleg omsyn til skredfaren frå store ustabile fjellparti ved arealplanlegging i tillegg til å vurdere behovet for risikoreduserande tiltak.

Syv områder er identifisert som høgrisikoobjekt og har døgnkontinuerleg overvaking/varsling med tilhøyrande beredskap. Desse er Åknes, Hegguraksla og Mannen i Møre og Romsdal, Joasetbergi i Sogn og Fjordane og Jettan, Indre Nordnes og Gámanjunni 3 i Troms.

Kartlegging
NVE har ansvar for å kartlegge faren for fjellskred, og NGU utfører arbeidet på oppdrag frå NVE. Det vert utført ei systematisk oversiktskartlegging for å avdekke moglege ustabile fjellparti. Dette vert gjort mellom anna ved hjelp av InSAR, flybilde og feltkartlegging av geologi og sprekkesystem. Ei meir detaljert kartlegging vert utført for fjellparti som syner seg å ha ei potensiell fare for skred. For desse fjellpartia måler ein rørsle i fjellet og estimerer volum på det ustabile partiet, i tillegg til å kartlegge rekkevidde og konsekvensar av eit potensielt skred.

Fare- og risikoklassifisering av fjellparti der det er målt rørsle over tid, og der det er fare for busetnad, inngår som ein del av kartleggingsarbeidet.

For fjellparti som vert klassifisert med høg risiko blir det gjennomført ytterlegare geologiske undersøkingar for å kunne vurdere behovet for risikoreduserande tiltak. Dette vil ofte vere i form av døgnkontinuerleg overvaking og varsling. Det er identifisert syv fjellparti med høg risiko (høgrisikoobjekt).

For fjellparti med medium risiko blir det gjennomført periodiske målingar av rørsle i fjellet, for å følgje med på korleis fjellet utviklar seg, og om risikoen aukar eller minkar. Slike periodiske målingar skjer for 83 fjellparti.

For fjellparti med låg risiko blir det ikkje gjennomført ytterlegare undersøkingar.

For fire av dei syv høgrisikoobjekta er det fare for flodbølge, då fjellskredet vil gå i fjorden. Det blir difor kartlagd oppskyllingsområder, basert på volumet av den ustabile fjellsida og høgde på flodbølga inn over land.