Klingråket ligg over Myra, på nordaust sida av Sunndalen, 20 km aust for Sunndalsøra

Oversiktsbilde av det ustabile fjellpartiet Klingråket med arret fra et tidligere skred vest for det ustabile området. Stor steinsprangaktivitet og noen små adskilte blokker i øst. Foto: M.Böhme, NGU

Trykk for større versjon

Fjellpartiet er avgrensa av ei baksprekk som følgjer ei gamal forkasting, og ei open sprekk mot aust. Mot vest er fjellpartiet frittståande. Fjellpartiet har eit velutvikla glideplan. Foten av fjellpartiet sterkt oppsprukke. Volumet er ca. 230 000 m3.

Målingar med båndekstensometer (2016–2017) viser bevegelse på 1-2 mm/år.

Eit skred kan nå nokre få bustadar og elva Driva. Ein potensiell dam vil bli ustabil, men sidan dammen blir låg, og det oppdemte vassvolumet lite, vil ikkje denne utgjere noko vesentleg fare.

 

Tiltak/oppfølging

Årleg nominelt sannsyn for eit skred er mellom 1/1000 og 1/5000, og det er nokre konsekvensar om det går eit skred. Fjellpartiet vil difor bli følgt opp, og det vil bli utført bevegelsesmålingar.

Trykk for større versjon

Detaljbilde av det ustabile fjellpartiet Klingråket. Foto: M.Böhme, NGU

Trykk for større versjon

Decorative map

Map location pin Kart

Ustabile fjellparti og faresoner

Fjellskred