Heibøåi kraftverk

Registreringsnummer
5814
Saksnummer
200904058
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
11.10.2024
Tiltakshaver
VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS
Fylke
Telemark
Kommune
Tokke
Vassdragsområde
016.BD6
Søkt produksjon
6,10 GWh

NVE avslår Heibøåi Kraftverk AS sin søknad om utsatt byggjefrist for Heibøåi kraftverk i Tokke kommune i Telemark. 

Heibøåi kraftverk fikk konsesjon 11.05.2016, og søkte om utsatt byggjefrist til 11.05.2026. NVE har på grunnlag av den nye kunnskapen om biologisk mangfald gjort ei konkret vurdering på om Heibøåi kraftverk kan få forlengd byggjefrist. NVE kan ikkje sjå at det finst avbøtande tiltak som i tilstrekkeleg grad kan redusere ulempene for naturmangfaldet, utan at dei går vesentleg utover samfunnsnytta til prosjektet. NVE meiner at det ligg tungtvegande omsyn føre som tilseier at søknaden om forlengd byggjefrist for Heibøåi kraftverk må avslåast.

Kartlegginga til Biofokus avdekte ei rekkje nye trua artar og naturtypar. Det er registrert fakkeltvebladmose (VU) på liggande død ved (læger) i vasstrengen i nedre del av vassdraget. Aust for Kasine vart skogsbekkemose (NE, DD i 2015) påvist og potensialet for fleire krevjande mosar på død ved i vasstrengen er stort. Grønsko (NT) finst hyppig på død ved langs vassdraget. På ask og alm sør for Bjønnemyr er blådoggnål (VU), klosterlav (NT), almekullsopp (NT) og skrukkeøre (NT) påvist, i tillegg til funn av almelav (NT). I skogen mellom Grasskotet og Heiberget vart det på gran funnen svartsonekjuke (NT), rosenkjuke 7 (NT) og rynkeskinn (NT). Vest for Heibøåi vart gubbeskjegg (NT) og sprikjeskjegg (NT) påvist. I tillegg er det i artskart registrert funksjonsområde for gaupe (EN) og granmeis (VU). Fira raudlista naturtypar vart registrert i tilknyting til vasstrengen: fosseberg (VU), høgstaudeedellauvskog (VU), flaumskogmark (VU) og høgstaudegranskog (NT). I tillegg vart det påvist gammal granskog med liggande død ved av svært høg kvalitet og gammal høgstaudegråorskog av høg kvalitet.