Publisert 09.02.2023 , sist oppdatert 28.06.2023

Vannuttak til drikkevatn/vassforsyning

Etablering av ny drikkevassforsyning eller endring av eksisterande drikkevassforsyning krev som regel ei vurdering etter vassressurslova.

Grunneigar kan ta ut vatn til seg sjølv og husdyr

Som grunneigar har du rett til å ta ut vatn frå eige vassdrag eller grunnvatn til hushaldninga di og til husdyr på eigedommen. Du må likevel passe på at dette blir gjort med aktsomheit og ikkje fører til at vassdraget blir tørrlagt.

Uttak av grunnvatn kan du lese meir om her.

Uttak av vatn til større vassforsyningsanlegg må avklarast med NVE

Eit større vassforsyningsanlegg vil ofte medføre tekniske inngrep i vassdraget i form av for eksempel bygging av dam og regulering av magasin. Desse anlegga vil i mange tilfelle vere konsesjonspliktige fordi dei kan føre til skade eller ulempe for allmenne interesser knytt til vassdraget. Eksempel på allmenne interesser er biologisk mangfald, fisk, friluftsliv og kulturminne. Viss du er usikker på om det tiltaket du planlegg er konsesjonspliktig kan du be NVE om å gjere ei konsesjonspliktvurdering.

Dei aller fleste vassuttak som inneber regulering av vasstand er konsesjonspliktige, og for å spare tid er det for desse lurt å gå rett til ein konsesjonssøknad. 

Eldre tiltak

Vassuttak som ikkje trengte konsesjon eller har konsesjon frå før vassressurslova kom i 2001 kan halde fram som før utan ny konsesjon.

Endringar i eksisterande vassuttak

Mange kommunar og andre eigarar av vassverk opplever at behovet for vatn endrar seg, at det er behov for meir vatn, og gjerne ekstra regulering som sin sikkerheit i tørre periodar. Ved nye vassuttak, auka eller endra vassuttak ved eksisterande anlegg gjeld dagens lovverk. Det kan difor vere behov for å søke konsesjon eller be om ei konsesjonspliktvurdering av vassuttaket.

Søknad og melding

Vassuttak som kan være til nemneverdig skade eller ulempe for allmenne interesser i vassdraget, må ha konsesjon. Det er utarbeidd ein mal for søknad om konsesjon til uttak av vatn. Dersom du er usikker på om tiltaket du planlegg trenger konsesjon, kan du be NVE vurdere konsesjonsplikt. Da må du sende melding til NVE med førespurnad om vurdering av konsesjonsplikt. For konsesjonspliktvurdering av vassuttak kan malen for melding om vassuttak nyttast. Dersom søknaden gjeld uttak av grunnvatn, finns det eigen mal for dette.