Publisert 08.02.2018 , sist oppdatert 18.09.2020

Halve Noreg har fått smart straummålar

Ved utgangen av 2017 hadde halvparten av alle straumkundane fått installert smartmålar. 98 prosent av utskiftingane er blitt gjennomført etter planen.

- Smarte straummålarar er ei naudsynt brikke i framtidas kraftsystem. Dei nye målarane gjev straumkundane betre oversyn over eigen straumbruk, og legg til rette for såkalla forbrukarfleksiblitet. Med meir uregulerbar strømproduksjon, som til dømes vindkraft, og med meir effektkrevjande utstyr i heimane våre, er det viktig at vi brukar straumen smart. Det gjer at vi kan halde nettkostnadene så låge som muleg, seier Ove Flataker, avdelingsdirektør i NVE

Om lag 1,6 millionar smarte målarar var installert ved utgangen av 2017. Dette svarar til over 50 prosent av alle målepunkta. Berre 1,6 prosent av dei planlagde installasjonane er ikkje blitt gjennomført.

Opplysningane NVE har henta inn frå nettselskapa, syner og at nettselskapa følgjer utrullingsplanane sine. Dei fleste nettselskapa har god tru på at alle skal ha smart målar før fristen 1. januar 2019.

 

Les meir om smarte straummålarar.

 

Strenge krav til sikkerheit

I tillegg til status og planar for installasjon av nye målarar, har NVE i den nye statusrapporten også henta inn informasjon om bruk av bryte- og strupefunksjonen i dei nye straummålarane, handtering av personvern og datasikkerheit, samt i kva grad AMS er integrert med driftskontrollsystem.

- IKT-sikkerheit og personvern er kritiske områder som krev særleg oppfølging. Vi oppdaterer difor gjeldande forskrifter og gjer tilsyn hos nettselskapa. Nettselskapa tek IKT-sikkerheit på alvor, og vi følgjer opp at dei gjennomfører naudsynte tiltak for å sikre straummålarane, understrekar Flataker.

Bryte- og strupefunksjonen gjer at nettselskap kan fjernstyre og avgrense straumuttaket i særlege tilfelle, til dømes når krafttilgangen blir redusert som følgje av ekstremvær. I slike tilfelle gjer strupefunksjonen det muleg å fordele «litt» straum på mange, der alternativet er å kutte straumen heilt for enkelte kundar.

Brytefunksjonen gjer at nettselskapa ikkje treng å reise ut til straumkunden å stengje straumen, til dømes når dei skal avslutte ein nettavtale.

 

Svært liten stråling frå smarte målarar

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har målt stråling og sendeaktivitet frå smarte straummålarar. Målingane viser at strålinga er langt under ein tusendel av grenseverdiane for stråling frå radiosendarar.

Målingane viser og at det er svært liten variasjon i strålinga frå dei ulike målarane, sjølv om sendemønsteret er ulikt.

Målingane underbyggjer det Statens strålevern har sagt om stråling frå smarte straummålarar:

  • Strålinga frå dei nye smarte straummålarane er så svak at det ikkje er helsefarleg å få installert ein slik heime.
  • Det spelar ingen rolle kor mange gonger i døgnet straummålaren din sender data til nettselskapet, strålinga er uansett svak.
  • Alle teknologiane i straummålarane gjev svak stråling.

 

Helsedirektoratet: - Ikkje unngå smarte målarar

Personer som meiner at stråling frå AMS-målarane fører med seg ulemper for helsa, kan få fritak frå kravet om installasjon av smart målar viss lege eller psykolog attesterer utsegna. Hittil har rundt 0,15% av nettkundane vist ein slik attest til nettselskapet sitt.

Helsedirektoratet har i eit svar til kommuneoverlegen i Sirdal understreka at det ikkje er vitskapeleg grunnlag for å påstå at stråling frå smarte målarar kan gje helseskade. Dei konkluderer med at helsevesenet og andre bør oppmuntre til å redusere såkalla unngåingsåtferd. Folk som er redde for helseulempe frå smarte målarar, bør altså oppmuntrast til å ikkje unngå smarte målarar.

Helsedirektoratet visar og til fagleg gjennomgang utførd av Folkehelseinstitutt og anbefalingar frå Statens strålevern, og konkluderer med at det ikkje er fagleg grunnlag å utstede attester om helseskade som følgje av elektromagnetisk stråling frå automatiske straummålarar. Viss legar eller psykologar likevel finn grunn til å attestere fråsegn om helseulempe, vil desse attestane fortsatt gje fritak frå kravet om installasjon av smart målar i eigen bustad.

 

Last ned NVE-rapport 2018 - 5 "Smarte målarar (AMS). Status og planar for installasjon per november 2017"

Kart over utrulling av smarte målarar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktperson:

Seksjonssjef Guro Grøtterud, tlf 45 63 26 77

NVEs pressetelefon: tlf 489 97 667

AMS-henvendelser: tlf 969 42 270

Ove Flataker
Avdelingsdirektør Ove Flataker, NVE
Smarte straummålarar er ei naudsynt brikke i framtidas kraftsystem.