Invitasjon til workshop "KI og hydrologi" i regi av Norsk hydrologiråd
Norsk hydrologiråd, NVE og NIVA inviterer til ein workshop om kunstig intelligens (KI) og hydrologi 22. september, 09:00 – 15:00 på Arena, Campus Ullevål, Sognsveien 72, 0855 Oslo.
Vi ser nærare på korleis nye metodar innan maskinlæring, dataanalyse og digitale verktøy kan støtte hydrologisk modellering, varsling og vassressursforvaltning.
Målgrupper er hydrologar, dataanalytikarar, modellutviklarar, forskarar og andre som arbeider med vatn, klima eller varsling. Workshopen vil vere ein møteplass for fagpersonar som arbeider med hydrologi, data, modellering, varsling og klima. Målet er å dele erfaringar, identifisere moglegheiter og diskutere korleis KI kan brukast på ein ansvarleg, nyttig og etterprøvbar måte i hydrologiske arbeidsprosessar.
Vi ønskjer helst deltakarar med erfaring frå KI-prosjekt, men deltakarar som er nysgjerrige på temaet er også velkommen. Workshopen legg opp til låg terskel for spørsmål, erfaringsdeling og idéutvikling.
Workshoppen er delt inn slik:Introduksjon
- Fagpresentasjonar om bruk av KI innan hydrologifaget.
- Gruppearbeid: Kva behov og moglegheiter ser vi i eigne fagmiljø? Vi set av tid til to gruppediskusjonar med tema innan ulike hydrologiske bruksområde.
- Oppsummering
Program (norsk)
Program (english)
Invitation (english)
Påmelding innen 14. september. Arrangementet er gratis, men meld deg på!
Studenter kan søke reisestøtte fra Norsk hydrologiråd. Send inn søknadsskjema.
Velkomen!
Spørsmål knytt til workshopen kan sendast til suno@nve.no
Se ellers Norsk Hydrologiråd - hever kunnskapsnivået innen hydrologi