Fjelldalselva kraftverk

Registreringsnummer
8007
Saksnummer
201702846
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
21.02.2018
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Nordland
Kommune
Brønnøy
Vassdragsområde
148.312Z
Søkt produksjon
5.77 GWh

NVE gjev NGK Utbygging AS fornya løyve til å bygge Fjelldalselva kraftverk i Brønnøy kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til 290 husstandar. Kraftverket har fått konsesjon tidlegare, men byggefristen er gått ut. NGK Utbygging AS har derfor søkt på nytt.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,77 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 93 meter og vil føre til at ei elvestrekning på om lag 800 meter får redusert vassføring. Det vil òg bli noko vegbygging.
På utbyggingsstrekninga finst naturtypen bekkekløft, og den raudlista arten gubbeskjegg er registrert. Nedre del av Fjelldalselva har gode gyte- og oppveksttilhøve for laks og sjøaure. Størsteparten av denne strekninga ligg nedstraums utbyggingsområdet.
NVE legg vekt på at tiltaket vil gje ny fornybar energi. Utbygginga vil føre til nokre negative verknader for anadrom fisk, naturtypar og landskap. Av omsyn til vasstilknytta organismar og anna biologisk mangfald på utbyggingsstrekninga har NVE fastsett ei minstevassføring på 95 l/s heile året. Det er òg krav om installasjon av automatisk forbisleppingsventil.
Etter NVE sitt syn er utbygginga med dei avbøtande tiltaka akseptabel i høve til private og allmenne interesser.