Overføring av vann fra Reppaelva til Tveitelva kraftverk

Registreringsnummer
7595
Saksnummer
201502347
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
29.03.2017
Tiltakshaver
TVEITELVA KRAFTVERK AS
Fylke
Vestland
Kommune
Kvinnherad
Vassdragsområde
046.421A
Søkt produksjon
3,00 GWh

 

NVE har i vedtak av 29.3.2017 ikkje gjeve Tveitelva kraftverk AS løyve til å overføre vatn frå Reppaelva til Tveitelva i Kvinnherad kommune i Hordaland. Redusert vassføring i Reppaelva vil gje negative konsekvensar for landskap og naturmiljø, meiner NVE.

 

 

Reppaelva ligg i Nordepollen innerst i Maurangerfjorden i Kvinnherad kommune, aust for Tveitelva kraftverk. Tveitelva kraftverk AS ønskjer å etablere eit inntak på kote 370 i Reppaelva og leggje ei nedgrave røyrgate herifrå til eksisterande inntak på kote 240 i Tveitelva. Røyrgata vil ha ei lengde på om lag 840 meter og det vil lagast ein permanent  enkel skogsveg med grasdekke i traseen. Overføringa vil auke produksjonen i Tveitelva kraftverk med 3 GWh. Tiltakshavar planlegg slepp av minstevassføring på 34 l/s i perioden 1.5.-30.9. og 6 l/s i perioden 1.10.-30.4., noko som tilsvarar dei oppgitte 5-persentilane.

 

NVE meiner overføringa vil redusere verdien av Reppaelva som eit viktig landskapselement lokalt i Nordrepollen og i det større landskapsrommet i indre del av Maurangerfjorden. Vi legg særleg vekt på negative konsekvensar for kulturlandskapet ved Flatebø. I tillegg vert fosseberg, sjøaure og fuktkrevjande lav- og mosearter i og langs elva påverka negativt. Etter vår vurdering kan  verknadane for landskap og naturmiljø vanskeleg avbøtast, særleg når vi ser tiltaket i samanheng med mange andre vasskraftreguleringar i området.