Miljateig Kraftverk

Registreringsnummer
7585
Saksnummer
201502947
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
28.06.2016
Tiltakshaver
Miljateig Kraft AS
Fylke
Vestland
Kommune
Etne
Vassdragsområde
042.24
Søkt produksjon
8,00 GWh

NVE gjev Miljateig Kraft AS (SUS) løyve til å bygge Miljateig kraftverk i Etne kommune.

 

Miljateig Kraft AS (SUS) vil utnytte fallet i Miljateigselva som renn ut i Åkrafjorden. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Miljateig kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa verknad for miljø.

Omsynet til landskap og friluftsliv er vektlagt sidan tiltaket ligg i randområdet til Etnefjella som regionalt viktig friluftsområde. NVE legg til grunn at inngrepa vil finne stad i eit anna landskapsrom, og såleis ikkje redusere opplevinga av urørt natur i dette fjellområdet. NVE meiner at den omsøkte utbygginga er akseptabel med omsyn til landskap og friluftsliv. NVE har og lagt vekt på omsynet til biologisk mangfald. NVE meiner at det bør sleppast ei noko større minstevassføring i sommarsesongen med tanke på å sikre artsmangfaldet knytt til bekkekløftene langs Miljateigselva. Dette vil redusere produksjonen med i underkant av 0,5 GWh/år. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, for å ta vare på landskap og biologisk mangfald, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser er akseptable.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Miljateig kraftverk.