Almdalsforsen kraftverk
- Registreringsnummer
- 7314
- Saksnummer
- 201306430
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 28.05.2018
- Tiltakshaver
- CLEMENS KRAFT HOLDING AS
- Fylke
- Nordland
- Kommune
- Grane
- Vassdragsområde
- 151.BB0
- Søkt produksjon
- 11,00 GWh
NVE gjev løyve til Tjuvholforsen kraftverk, medan Almdalsforsen og Vesterelva kraftverk får avslag. Alle kraftverka ligg i Grane kommune i Nordland fylke.
NVE har tidlegare varsla om oppstart av handsaming av fire søknadar om småkraftverk i Grane. Søknaden om Johanseterforsen kraftverk vart trekt av tiltakshavar før høyring, og er dermed ikkje videre behandla hjå NVE.
Kraftverket som fekk konsesjon vil gje om lag 14,5 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til om lag 725 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve 34,3 GWh/år.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Særleg verknader på biologisk mangfald og sumverknader har vore gjennomgåande viktige tema i NVE si vurdering av desse småkraftsakane i Grane. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpasningar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.
NVE meiner Tjuvholforsen kraftverk gjev små negative konsekvensar for ålmenne interesser, samstundes som det vil bidra til produksjon av fornybar energi. For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår om avbøtande tiltak til prosjektet som har fått løyve.