Skurdalsåa kraftverk

Registreringsnummer
7047
Saksnummer
201208274
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
21.04.2017
Tiltakshaver
NTE ENERGI AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Meråker
Vassdragsområde
124.FA5
Søkt produksjon
13,20 GWh

NVE gjev NTE Energi AS løyve til å bygge Skurdalsåa kraftverk i Skurdalsåa i Meråker kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 13,2 GWh. Dette tilsvarar forbruket til om lag 660 husstandar.

NVE meiner kraftverket kan vere eit positivt bidrag til at Norge oppfyller sine politiske målsetjingar knytt til fornybar energiproduksjon. I tillegg vil kraftverket gi ein betre utnytting av eit vassdrag som allereie er regulert. Skurdalsåa kraftverk vil samtidig kunne gi inntekter til søkjar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskapning.

Skurdalsåa kraftverk vil utnytte fallet frå den regulerte Skurdalsjøen og ned til eksisterande bekkeinntak i Skurdalsåa.

NVE har vektlagt at tiltaket vil medføre negative verknader for landskap, hovudsakeleg som følge av etablering av røyrtrasé i øvre del av berørt strekning. Terrenget tilseier at det vil vere trong for ein del sprenging, og lite løsmasser tilseier begrensa og sen revegetering. Inngrepet vil etter NVEs vurdering være godt synlig i lang tid, og påverke områdets urørte preg. Etter NVE si vurdering vil boring av vassvegen i øvre del i tilstrekkeleg grad ivareta landskapets urørte preg, forutsatt at det heller ikkje anleggas midlertidig veg på denne strekninga.

Den naturlege vassføringa i Skurdalsåa er allereie vesentleg endra, som følgje av regulering av Skurdalsjøen, og det er ikkje pålagt slepp av minstevassføring i dag. NVE meiner naturmiljøet ikkje vil påverkast i vesentleg grad. Bortfall av vassføring i periodar med tapping etter dagens regime, vil føre til at elva tidvis blir mindre markert i landskapet. NVE har vektlagt at tiltaket vil bli lite synleg frå turstiane i området.

NVE vurderer at nytta av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skurdalsåa kraftverk på nærare fastsette vilkår.