Sjønståfossen kraftverk

Registreringsnummer
6947
Saksnummer
201208149
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
16.06.2015
Fylke
Nordland
Kommune
Fauske
Vassdragsområde
164.C21
Søkt produksjon
7.30 GWh

Tre løyve og fire avslag til småkraftverk i Fauske kommune

NVE gav løyve til Laksåga, Sjønståfossen og Valffarjohka kraftverk, medan Tverråmo, Kvannelva og Littj Tverråga, Galbmejohka og Oterelva kraftverk fekk avslag. Alle prosjekta er i Fauske kommune i Nordland.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 33,4 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til 1800 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 45 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap og urørte område , friluftsliv, høve til reindrift, biologisk mangfald og kulturmiljø har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med ålmenne interesser sett i forhold til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege til å bøte på ulempene som ville ha følgt av kraftverka som fekk avslag.

Konsesjonen til Sjønståfossen kraftverk vart påklaga. Departementet har opprettholdt NVEs konsesjon til Sjønståfossen kraftverk. Departementet meiner at ei utbygging av Sjønståfossen kraftverk i tråd med NVEs vedtak vil ha akseptable konsekvensar for reindrift, naturmangfald og andre interesser.